2 Dersom ein tjuv blir oppdaga medan han bryt seg inn, og han blir slegen så han døyr, då blir det ikkje rekna som blodskuld.
3 Men skjer det etter at sola har runne, blir det rekna som blodskuld.Ein tjuv skal gje full skadebot. Eig han ingenting, skal han seljast som vederlag for det han har stole.
4 Dersom det som er stole, endå finst i live hos han, anten det er ein okse, eit esel eller eit lam, skal han gje dobbel skadebot.
5 Når nokon lèt feet sitt beita på ein åker eller ei vinmark, og han slepper feet laus så det kjem over på ein annan manns åker og beiter der, då skal han som vederlag gje det beste frå eigen åker og eiga vinmark.
6 Når det bryt ut eld og han spreier seg til tornekrattet slik at korn i stakk eller korn på strå eller heile åkeren brenn opp, då skal den som er skuld i brannen, gje full skadebot.
7 Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på pengar eller eigedelar for seg, og at dette blir stole frå huset hans. Dersom tjuven blir funnen, skal han gje dobbelt vederlag.
8 Men dersom tjuven ikkje blir funnen, skal huseigaren førast fram for Gud, så det kan avgjerast om han har strekt handa si ut etter det som høyrer nesten til.