20 Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bli slegen med bann og utsletta.
21 Du skal ikkje undertrykkja og ikkje gjera urett mot ein innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.
22 De skal ikkje plaga enkjer og farlause.
23 Plagar du dei, og dei så ropar til meg, vil eg høyra ropet deira.
24 Då skal vreiden min flamma opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd så konene dykkar blir enkjer og borna dykkar farlause.
25 Låner du pengar til ein frå folket mitt, til den fattige hos deg, då skal du ikkje som ein pengeutlånar krevja renter av han.
26 Tek du kappa frå nesten din som pant, skal du la han få henne att før sola går ned,