5 Når nokon lèt feet sitt beita på ein åker eller ei vinmark, og han slepper feet laus så det kjem over på ein annan manns åker og beiter der, då skal han som vederlag gje det beste frå eigen åker og eiga vinmark.
6 Når det bryt ut eld og han spreier seg til tornekrattet slik at korn i stakk eller korn på strå eller heile åkeren brenn opp, då skal den som er skuld i brannen, gje full skadebot.
7 Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på pengar eller eigedelar for seg, og at dette blir stole frå huset hans. Dersom tjuven blir funnen, skal han gje dobbelt vederlag.
8 Men dersom tjuven ikkje blir funnen, skal huseigaren førast fram for Gud, så det kan avgjerast om han har strekt handa si ut etter det som høyrer nesten til.
9 I alle saker om lovbrot, anten det gjeld ein okse, eit esel, ein sau, klede eller ting som er komne på avvegar, der nokon seier: «Det var han», skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømmer skuldig, skal gje nesten sin dobbelt vederlag.
10 Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på eit esel, ein okse, eit lam eller eit anna dyr, og at det så døyr eller kjem til skade eller blir fanga utan at nokon ser det.
11 Då skal saka mellom dei to avgjerast gjennom at han sver ved Herren at han ikkje har strekt handa ut etter det som høyrer nesten til. Eigaren skal godta dette, og den andre skal ikkje gje han vederlag.