1 Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjev ikkje handslag til den som er skuldig, så du blir eit urettferdig vitne!
2 Du skal ikkje følgja fleirtalet i det som er vondt! Når du vitnar i ei rettssak, skal du ikkje gje etter for fleirtalet så du vrengjer retten.
3 Du skal ikkje gje den svake parten føremoner i ei rettssak.
4 Når du kjem over ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har gått seg vill, skal du føra dyret tilbake til han.
5 Når du ser at eselet til uvenen din segnar under børa, må du ikkje gå din veg. Du skal hjelpa han med det.