24 Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund.
25 De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg.
26 Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.
27 Eg vil senda redsle for meg framfor deg og skapa forvirring blant alle dei folka du kjem til. Eg skal få alle fiendane dine til å snu ryggen til deg og flykta.
28 Eg vil senda bisvermar framfor deg. Dei skal jaga hevittane, kanaanearane og hetittane bort frå deg.
29 Eg vil ikkje driva dei ut før det er gått eitt år, så landet ikkje skal bli liggjande audt og villdyra bli for mange for deg.
30 Litt etter litt vil eg driva dei ut for deg, til du blir så talrik at du kan ta landet i eige.