3 Du skal ikkje gje den svake parten føremoner i ei rettssak.
4 Når du kjem over ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har gått seg vill, skal du føra dyret tilbake til han.
5 Når du ser at eselet til uvenen din segnar under børa, må du ikkje gå din veg. Du skal hjelpa han med det.
6 Du skal ikkje vrengja retten for den fattige i ei rettssak.
7 Hald deg borte frå falske klagemål. Ein skuldfri og ein rettferdig må du ikkje slå i hel, for eg vil ikkje frikjenna den som er skuldig.
8 Du skal ikkje ta imot stikkpengar! For slike gåver gjer den klårsynte blind og øydelegg saka for den rettferdige.
9 Du skal ikkje undertrykkja ein innflyttar! De veit korleis det kjennest å vera innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.