1 Gud sa til Moses: «Kom opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Medan de enno er langt borte, skal de kasta dykk ned og tilbe!
2 Berre Moses skal nærma seg Herren, dei andre må ikkje koma nær. Og folket skal ikkje gå opp saman med han.»
3 Moses kom og kunngjorde alle Herrens ord og forskrifter for folket. Då svara dei samrøystes: «Alt Herren har sagt, vil vi gjera.»
4 Så skreiv Moses ned alle orda frå Herren.Neste morgon stod han tidleg opp og bygde eit altar ved foten av fjellet og reiste tolv steinstøtter for Israels tolv stammar.