15 Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet.
16 Herrens herlegdom kvilte over Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses frå skya.
17 Israelittane såg Herrens herlegdom som ein øydande eld på fjelltoppen.
18 Så gjekk Moses inn i skya og opp på fjellet. Og Moses vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter.