9 Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp
10 og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv.
11 Men mot Israels fremste menn lyfte han ikkje handa. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
12 Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp til meg på fjellet og bli der, så skal eg gje deg steintavlene, lova og boda som eg har skrive ned for å rettleia folket.»
13 Då drog Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses gjekk opp på Guds fjell.
14 Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem att! De har Aron og Hur hos dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»
15 Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet.