1 Herren sa til Moses:
2 Sei til israelittane at dei skal koma med ei offergåve til meg. De skal ta imot gåve frå kvar den som gjev av eit villig hjarte.
3 Dette er gåvene de skal ta imot frå dei: gull, sølv og bronse,
4 purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, tøy av fint lin og geiteragg,
5 raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre,
6 olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,