17 Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei.
18 På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull,
19 ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar.
20 Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.
21 Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg.
22 Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.
23 Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.