21 Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg.
22 Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.
23 Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.
24 Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.
25 Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant.
26 Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene.
27 Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med.