24 Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.
25 Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant.
26 Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene.
27 Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med.
28 Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.
29 Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.
30 Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!