26 Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene.
27 Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med.
28 Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.
29 Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.
30 Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!
31 Du skal laga ein lysestake av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar skal hamrast ut av eitt stykke.
32 Seks armar skal gå ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre sida.