35 Det skal vera ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som går ut frå lysestaken.
36 Knoppane og armane skal gå i eitt med staken. Det heile skal hamrast ut av eitt stykke reint gull.
37 Du skal laga sju lamper til lysestaken. Du skal setja dei opp slik at dei kastar lys rett framfor staken.
38 Tengene og oskeskuffene som høyrer til, skal vera av reint gull.
39 Lysestaken og alt utstyret skal lagast av ein talent reint gull.
40 Sjå til at du gjer arbeidet etter den modellen som vart synt deg på fjellet!