1 Du skal laga bustaden av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad.
2 Kvar duk skal vera tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane skal ha same mål.
3 Fem av teltdukane skal syast i hop til eitt stykke, og like eins dei andre fem dukane.
4 Du skal laga purpurblå hemper langs kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket.
5 Femti hemper skal du laga på den eine teltduken, og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene skal sitja rett mot kvarandre.
6 Og du skal laga femti krokar av gull. Med dei skal du hekta dukane saman så bustaden blir ein heilskap.
7 Du skal laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar skal du laga.