18 Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på sørsida, mot sør.
19 Til dei tjue plankane skal du laga førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i.
20 På den andre sida av bustaden, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar
21 med førti soklar av sølv, to under kvar planke.
22 Til baksida av bustaden, mot vest, skal du laga seks plankar,
23 og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden.
24 Dei skal vera doble nedst og øvst og gå saman i éin ring. Slik skal det vera med dei begge; dei skal utgjera dei to hjørna.