4 Du skal laga purpurblå hemper langs kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket.
5 Femti hemper skal du laga på den eine teltduken, og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene skal sitja rett mot kvarandre.
6 Og du skal laga femti krokar av gull. Med dei skal du hekta dukane saman så bustaden blir ein heilskap.
7 Du skal laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar skal du laga.
8 Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal ha same mål.
9 Fem av dukane skal du festa i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, på framsida av teltet, skal du leggja dobbelt.
10 I kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.