8 Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal ha same mål.
9 Fem av dukane skal du festa i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, på framsida av teltet, skal du leggja dobbelt.
10 I kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.
11 Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Slik skal du festa teltet saman til ein heilskap.
12 Den overskytande delen av dukane, den halve duken som blir til overs, skal hanga ned på baksida av bustaden.
13 Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar side, skal hanga ned på begge sider av bustaden og dekkja han.
14 Og over teltet skal du laga eit dekke av raudfarga vêrskinn, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.