1 Du skal laga altaret av akasietre, fem alner langt og fem alner breitt. Det skal vera firkanta og tre alner høgt.
2 På kvart av dei fire hjørna skal du laga eit horn, og horna skal gå i eitt med altaret. Du skal kle det med bronse.
3 Så skal du laga fat til å samla opp den feite oska, og eldskuffer, offerskåler, kjøtgaflar og glopanner. Alt utstyret til altaret skal du laga av bronse.
4 Du skal laga ei rist til det, ein bronsenetting. På nettingen skal du laga fire bronseringar, ein i kvart hjørne av altaret.
5 Så skal du leggja rista nedst, under kanten som er omkring altaret, slik at ho når midt opp på altaret.
6 Du skal laga stenger til altaret av akasietre og kle dei med bronse.
7 Stengene skal stikkast inn i ringane så dei sit på begge sidene av altaret når det blir bore.