4 Du skal laga ei rist til det, ein bronsenetting. På nettingen skal du laga fire bronseringar, ein i kvart hjørne av altaret.
5 Så skal du leggja rista nedst, under kanten som er omkring altaret, slik at ho når midt opp på altaret.
6 Du skal laga stenger til altaret av akasietre og kle dei med bronse.
7 Stengene skal stikkast inn i ringane så dei sit på begge sidene av altaret når det blir bore.
8 Altaret skal vera holt og laga av treplankar. Det skal lagast slik det vart synt deg på fjellet.
9 Du skal laga ein føregard til bustaden. Mot sør, på sørsida av føregarden, skal det vera eit omheng av fint, tvinna lin. Det skal vera hundre alner langt på denne sida,
10 med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv.