16 Bryststykket skal vera firkanta og bretta dobbelt, eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt.
17 På bryststykket skal du setja fire rader med steinar i innfatning. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd,
18 i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,
19 i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst
20 og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei skal setjast i innfatningar av gull.
21 Dei tolv steinane skal bera namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet på ein av dei tolv stammane vera inngravert, slik som i eit signet.
22 Til bryststykket skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera fletta slik ein flettar snorer.