19 i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst
20 og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei skal setjast i innfatningar av gull.
21 Dei tolv steinane skal bera namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet på ein av dei tolv stammane vera inngravert, slik som i eit signet.
22 Til bryststykket skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera fletta slik ein flettar snorer.
23 Du skal òg laga to gullringar til bryststykket og setja dei i kvart sitt hjørne.
24 Så skal du festa dei to gullsnorene i dei to ringane i hjørna av bryststykket.
25 Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to innfatningane, og dei skal du setja på akslebanda til efoden, på framsida.