22 Til bryststykket skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera fletta slik ein flettar snorer.
23 Du skal òg laga to gullringar til bryststykket og setja dei i kvart sitt hjørne.
24 Så skal du festa dei to gullsnorene i dei to ringane i hjørna av bryststykket.
25 Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to innfatningane, og dei skal du setja på akslebanda til efoden, på framsida.
26 Så skal du laga to gullringar til og setja dei i dei to andre hjørna av bryststykket, ved den indre kanten som vender inn mot efod-drakta.
27 Endå to gullringar skal du laga. Dei skal du setja nedst på dei to akslebanda på framsida, ved saumen over beltet på efoden.
28 Ringane på brystduken skal du binda til ringane på efoden med ei purpurblå snor, slik at bryststykket blir sitjande over beltet og ikkje losnar frå drakta.