29 Når Aron går inn i heilagdomen, skal han ved hjartet sitt bera namna til Israels søner på bryststykket for domsavgjerder. Det skal vera som ei stadig påminning om dei framfor Herrens andlet.
30 I bryststykket skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja ved hjartet til Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerdene for Israels søner innved hjartet sitt for Herrens andlet.
31 Kappa som høyrer til efod-drakta, skal vera einsfarga purpurblå.
32 Midt på henne skal det vera ei opning for hovudet med ein voven kant rundt. Ho skal vera som opninga på ei brynje, slik at ho ikkje rivnar.
33 Rundt på den nedre kanten av kappa skal du setja granateple av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn, og mellom dei gullbjøller heilt rundt.
34 Ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, slik skal det vera nedst rundt heile kanten på kappa.
35 Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste. Det skal høyrast når han går inn i heilagdomen fram for Herrens andlet, og når han går ut att, så han ikkje skal døy.