31 Kappa som høyrer til efod-drakta, skal vera einsfarga purpurblå.
32 Midt på henne skal det vera ei opning for hovudet med ein voven kant rundt. Ho skal vera som opninga på ei brynje, slik at ho ikkje rivnar.
33 Rundt på den nedre kanten av kappa skal du setja granateple av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn, og mellom dei gullbjøller heilt rundt.
34 Ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, slik skal det vera nedst rundt heile kanten på kappa.
35 Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste. Det skal høyrast når han går inn i heilagdomen fram for Herrens andlet, og når han går ut att, så han ikkje skal døy.
36 Du skal laga ei plate av reint gull. På den skal du gravera inn som i eit signet: «Helga til Herren».
37 Du skal festa henne til ei purpurblå snor, og ho skal sitja på turbanen; framme på turbanen skal ho sitja.