34 Ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, slik skal det vera nedst rundt heile kanten på kappa.
35 Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste. Det skal høyrast når han går inn i heilagdomen fram for Herrens andlet, og når han går ut att, så han ikkje skal døy.
36 Du skal laga ei plate av reint gull. På den skal du gravera inn som i eit signet: «Helga til Herren».
37 Du skal festa henne til ei purpurblå snor, og ho skal sitja på turbanen; framme på turbanen skal ho sitja.
38 Ho skal sitja på panna til Aron. Slik kan Aron bera den synda som heng ved dei heilage offera som israelittane vier til Herren når dei ber fram sine heilage gåver. Ho skal alltid sitja på panna hans, så gåvene kan vera til glede for Herren.
39 Du skal veva ein rutete kjortel av fint lin og laga ein turban av fint lin. Du skal òg laga eit belte i farga vev.
40 Til Arons søner òg skal du laga kjortlar og belte og turbanar, til ære og pryd.