4 Desse kleda skal dei laga: eit bryststykke, ei efod-drakt, ei kappe, ein rutete kjortel, ein turban og eit belte. Dette er dei heilage kleda som dei skal laga til bror din Aron og sønene hans, så dei kan vera prestar for meg.
5 Til dette skal dei bruka gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint lin.
6 Efod-drakta skal dei laga av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Ho skal vera i kunstvevnad.
7 Ho skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held henne i hop.
8 Beltet som sit fast på efoden og går i eitt med han, skal vevast på same måten: av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin.
9 Du skal ta to onyks-steinar, og på dei skal du gravera inn namna på Israels søner,
10 seks namn på den eine steinen og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.