40 Til Arons søner òg skal du laga kjortlar og belte og turbanar, til ære og pryd.
41 Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, innsetja dei og helga dei, så dei kan gjera presteteneste for meg.
42 Lag linbukser til dei så den nakne kroppen blir dekt. Dei skal gå frå hoftene og ned på låra.
43 Aron og sønene hans skal ha på seg buksene når dei går inn i teltheilagdomen, og når dei stig fram for altaret for å gjera teneste i heilagdomen. Elles fører dei skuld over seg og må døy. Det skal vera ei evig ordning for han og etterkomarane hans.