5 Til dette skal dei bruka gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint lin.
6 Efod-drakta skal dei laga av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Ho skal vera i kunstvevnad.
7 Ho skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held henne i hop.
8 Beltet som sit fast på efoden og går i eitt med han, skal vevast på same måten: av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin.
9 Du skal ta to onyks-steinar, og på dei skal du gravera inn namna på Israels søner,
10 seks namn på den eine steinen og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.
11 Som ein handverkar graverer inn eit signet i stein, skal du gravera inn namna til Israels søner på desse to steinane. Du skal setja dei inn i innfatningar av gull.