19 Deretter skal du ta den andre vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren.
20 Du skal slakta vêren og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyreflipp, høgre tommelfinger og høgre stortå. Resten av blodet skal du stenka rundt om på altaret.
21 Ta så noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvett det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Då blir både han og kleda heilage, like eins sønene og kleda deira.
22 Så skal du ta feittet på vêren, det feitaste av halen, feittet rundt innvolane, leverlappen, begge nyrene med feittet som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsvêr.
23 Frå korga med usyra brød som står for Herrens andlet, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og eit flatt brød.
24 Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det som eit svingeoffer framfor Herrens andlet.
25 Ta det så frå hendene deira og lat det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet, til godange for Herren. Det er eit gåveoffer for Herren.