10 Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.»
11 Moses sa til Gud: «Kven er eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut frå Egypt?»
12 Han svara: «Eg skal vera med deg! Dette skal du ha til teikn på at det er eg som har sendt deg: Når du har ført folket ut frå Egypt, skal de tena Gud på dette fjellet.»
13 Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?»
14 Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.»
15 Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.
16 Gå og kall saman dei eldste i Israel, og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auge med dykk og med det som er gjort mot dykk i Egypt.