18 Dei kjem til å høyra på deg. Og så skal du og dei eldste i Israel gå til kongen i Egypt og seia: Herren, som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss no få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud!
19 Men eg veit at egyptarkongen ikkje vil la dykk dra om ikkje ei sterk hand tvingar han.
20 Difor vil eg strekkja handa ut og slå Egypt med alle dei undergjerningane som eg vil gjera iblant dei. Deretter skal han la dykk fara.
21 Og eg vil la dykk finna nåde i auga til egyptarane. Når de dreg, skal de ikkje dra tomhendte.
22 Kvar kvinne skal be nabokona si og dei kvinnene ho bur i lag med, om ting av sølv og gull og om klede. Det skal de la sønene og døtrene dykkar bera. Slik skal de utnytta egyptarane.»