6 Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud.
7 Herren sa: «Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte.
8 Eg har stige ned for å fria dei ut av hendene på egyptarane og føra dei opp frå dette landet og inn i eit godt og vidt land, inn i eit land som fløymer med mjølk og honning, staden der kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane bur.
9 For no har skriket frå israelittane nådd meg, og eg har òg sett kor hardt egyptarane undertrykkjer dei.
10 Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.»
11 Moses sa til Gud: «Kven er eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut frå Egypt?»
12 Han svara: «Eg skal vera med deg! Dette skal du ha til teikn på at det er eg som har sendt deg: Når du har ført folket ut frå Egypt, skal de tena Gud på dette fjellet.»