1 Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det.
2 Det skal vera firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.
3 Både toppen, sidene og horna skal du kle med reint gull, og du skal laga ein gullkant rundt det.
4 Nedanfor kanten på begge sider skal du setja to gullringar. Dei skal vera haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kan berast.
5 Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.