10 Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i slekt etter slekt, ein gong om året. Altaret skal vera høgheilagt for Herren.
11 Herren sa til Moses:
12 Når du held manntal over israelittane, skal alle som blir talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så inga plage skal råka dei når dei blir talde.
13 Kvar den som blir tald, skal gje ein halv sjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera. Denne halve sjekelen skal vera ei offergåve til Herren.
14 Alle som blir talde, og som er over tjue år, skal gje ei offergåve til Herren.
15 Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sjekel når de gjev offergåva til Herren til soning for livet dykkar.
16 Du skal ta imot soningspengane frå israelittane og bruka dei til tenesta i teltheilagdomen. Det skal vera ei påminning om israelittane framfor Herrens andlet til soning for livet dykkar.