19 Aron og sønene hans skal vaska hendene og føtene i det.
20 Når dei går inn i teltheilagdomen, eller når dei stig fram for altaret for å gjera teneste og brenna gåveoffer for Herren, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje må døy.
21 Dei skal vaska hendene og føtene, så dei ikkje må døy. Det skal vera ei evig ordning for dei, for Aron og ætta hans, i slekt etter slekt.
22 Herren sa til Moses:
23 Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr
24 og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.
25 Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.