23 Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr
24 og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.
25 Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.
26 Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,
27 bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28 brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.
29 Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.