24 og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.
25 Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.
26 Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,
27 bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28 brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.
29 Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
30 Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.