26 Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,
27 bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28 brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.
29 Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
30 Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.
31 Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.
32 Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.