28 brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.
29 Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
30 Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.
31 Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.
32 Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.
33 Den som lagar ei slik blanding og gjev henne til ein som ikkje er vigd, skal støytast ut frå folket sitt.
34 Herren sa til Moses: Ta deg velluktande røykjelsesstoff, balsamdropar, myrraolje, gummiharpiks og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.