4 Nedanfor kanten på begge sider skal du setja to gullringar. Dei skal vera haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kan berast.
5 Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.
6 Du skal setja altaret framfor forhenget som gøymer kista med vitnemålet, framfor soningsstaden som ligg over det, der eg vil møta deg.
7 Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han gjer i stand lampene, skal han brenna røykjelsen.
8 Det same skal han gjera i skumringa når han tenner lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens andlet i slekt etter slekt.
9 De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret og ikkje brennoffer eller grødeoffer. De skal heller ikkje hella ut drikkoffer på det.
10 Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i slekt etter slekt, ein gong om året. Altaret skal vera høgheilagt for Herren.