8 Det same skal han gjera i skumringa når han tenner lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens andlet i slekt etter slekt.
9 De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret og ikkje brennoffer eller grødeoffer. De skal heller ikkje hella ut drikkoffer på det.
10 Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i slekt etter slekt, ein gong om året. Altaret skal vera høgheilagt for Herren.
11 Herren sa til Moses:
12 Når du held manntal over israelittane, skal alle som blir talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så inga plage skal råka dei når dei blir talde.
13 Kvar den som blir tald, skal gje ein halv sjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera. Denne halve sjekelen skal vera ei offergåve til Herren.
14 Alle som blir talde, og som er over tjue år, skal gje ei offergåve til Herren.