15 I seks dagar kan arbeid gjerast, men den sjuande dagen skal vera sabbat, ein heilag kviledag for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på sabbatsdagen, skal døy.
16 Israelittane skal verna om sabbaten, så dei held han i slekt etter slekt som ei evig pakt.
17 Han skal vera eit teikn mellom meg og israelittane til evig tid. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda, men på den sjuande dagen kvilte han og pusta roleg ut.
18 Då Herren var ferdig med å tala til Moses på Sinai-fjellet, gav han Moses dei to vitnemålstavlene, steintavlene som var skrivne med Guds finger.