1 Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.»
2 Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!»
3 Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei.
4 Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!»
5 Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren!»