25 Moses såg kor ustyrleg folket var fordi Aron ikkje klarte å styra dei. Dei hadde vorte til spott for motstandarane sine.
26 Då stilte Moses seg i porten til leiren og ropa: «Kom over til meg, alle som er på Herrens side!» Då samla alle levittane seg om han.
27 Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, kvar og ein! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel brør, vener og slektningar!»
28 Levittane gjorde som Moses sa, og den dagen fall det omkring tre tusen mann av folket.
29 Då sa Moses: «I dag har de vorte vigde til Herren, for de har vendt dykk mot dykkar eigne søner og brør. Difor vil han gje dykk si velsigning i dag.»
30 Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.»
31 Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull.