3 Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei.
4 Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!»
5 Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren!»
6 Dagen etter stod folket tidleg opp og ofra brennoffer og bar fram fredsoffer. Dei sette seg ned for å eta og drikka, og så byrja dei å mora seg.
7 Då sa Herren til Moses: «Skund deg ned, for folket ditt, som du førte opp frå Egypt, har gjort noko forferdeleg.
8 Dei har alt bøygd av frå den vegen eg påla dei å følgja. Dei har laga seg ein støypt kalv, kasta seg ned for han, ofra til han og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt!»
9 Og Herren heldt fram: «Eg har halde auge med dette folket, og sjå, det er eit stivnakka folk!