1 Herren sa til Moses: «Dra bort herifrå, både du og folket du har ført opp frå Egypt, til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Til di ætt vil eg gje det.
2 Eg vil senda ein engel framfor deg og driva ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
3 Dra opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje dra opp med deg, for du er eit stivnakka folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»
4 Då folket høyrde desse harde orda, sørgde dei, og ingen tok smykke på seg.