14 Han svara: «Andletet mitt skal gå med, og eg skal la deg få ro.»
15 Då sa Moses: «Dersom ikkje andletet ditt går med, må du ikkje føra oss opp herifrå!
16 Korleis kan ein elles vita at eg og folket ditt har funne nåde for auga dine, dersom du ikkje går med oss? Slik skal eg og folket ditt bli skilt ut frå alle andre folk på jorda.»
17 Då sa Herren til Moses: «Også dette som du bed om, vil eg gjera, for du har funne nåde for auga mine, og eg kjenner deg ved namn.»
18 «Lat meg då få sjå herlegdomen din!» sa Moses.
19 Han svara: «Eg vil la all min godhug gå framom deg og ropa ut for deg namnet Herren. For eg er nådig mot den eg viser nåde, og miskunnsam mot den eg viser miskunn.
20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt», sa han; «for eit menneske kan ikkje sjå meg og leva.»