2 Eg vil senda ein engel framfor deg og driva ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
3 Dra opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje dra opp med deg, for du er eit stivnakka folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»
4 Då folket høyrde desse harde orda, sørgde dei, og ingen tok smykke på seg.
5 Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stivnakka folk. Om eg berre ein augneblink dreg opp saman med deg, måtte eg gjera ende på deg. Legg no smykka bort, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!»
6 Frå då av, ved fjellet Horeb, la israelittane bort smykka sine.
7 Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.
8 Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet.